Framføringa er et samarbeid mellom Opera Nordfjord, Telemark Kammerorkester, Seanse og Dei Nynorske Festspela 2018. Smakebiter fra operaen ble framført konsertant i 2017, men dette er første sceniske framføring.

Det blir 3 storslagne forestillinger i Propellhallen, Volda, fredag 8. juni og lørdag 9. juni 2018.

Telemark Kammerorkester med Lars-Erik ter Jung som dirigent og kunstnerisk leder er med på verdenspremieren av operaen Kimen av Magnar Åm under Dei Nynorske Festspela i Juni!
Operaen er et bestillingsverk fra Telemark Kammerorkester og er bygd på romanen Kimen av Tarjei Vesaas.

Utøvarar:
Karen Rosenberg Olsen - Sopran
Magne Fremmerlid - Bass
Eivind Kandal - Tenor
Thomas Røshol - Tenor
Ingeborg Fangel Mo - Mezzosopran
Ragnhild Engeseth - Alt
Louise Engeseth - Sopran
Karina Holkestad - Sopran

Telemark Kammerorkester
Ålesund strykekvartett
Indre strøk ungdomsstrykeorkester
Volda Vokal (kor)
Ørstakoret
Volda og Ørsta korskule
Ungdomsdansegruppe

Samandrag:
Operaen Kimen er eit bestillingsverk frå Telemark Kammerorkester. I samarbeid med regissør Jiri Nagy og sceneograf Kristof Asbot skal ein industrihall i Volda forvandlast til ei storslått operascene, der publikum vil få oppleve ei profesjonell operaforestilling i ei unik setting.
Den nyskrivne operaen er bygd på romanen Kimen av Tarjei Vesaas, omarbeidd til libretto av dramaturg Oda Radoor. Formålet med dette tverrkunsteriske prosjektet er å utforske kimen til det vonde og kimen til det gode i oss, gjennom å nytte musikk, ord, dans, scenografi, drama og rom til å uttrykkje motsetnadane i menneskesinnet.
Romanen vart skriven i 1940, etter krigsutbrotet, og representerer eit viktig vendepunkt i Tarjei Vesaas si dikting. Det metaforiske fekk større plass, språket vart meir nedstrippa og nake, det usagde vart meir framtredande, og eit mørkt djup kom meir til syne.
Romanen forutsåg det opprivande rettsoppgjeret og det folkelege, utanomrettslege oppgjeret som skulle utspele seg etter at krigen var slutt. Dette gjorde den ved å tematisere ein allmennmenneskeleg eigenskap: vår hang til hemn når me har opplevd urett, og vår fare for sjølve å gjere urett når hemntanken blir til hemnhandling, massesuggesjon og lynsjing.
Handlinga tematiserer også forholdet mellom menneske og natur. At mennesket ER natur, og at naturen er både grusom og god. Men at der kan ligge noko forløysande i innsikta om dette og i nærleiken til vokstrane, samværet med dyra, arbeidet med jorda, og døgnrytmen av mørke og lys.

Komponisten:
Magnar Åm, har tidlegare òg laga opera over boka Isslottet. Den operaen gjekk i 2014 ei veke i Den Ny Opera, Esbjerg og ei veke på Takelloftet ved Den Kongelige Danske Opera i København. Åm sin plan er å komponere ein trilogi over tekstar av Tarjei Vesaas. Operaen Kimen er nummer to i rekkja, der Fuglane truleg vil verte den tredje. Denne samansettinga er valt for å formidle eit sentralt emne i Vesaas si dikting, og som alle desse tre bøkene har til felles: omtanken med utskota i samfunnet, dei som av ein eller annan grunn har falle utanfor normaliteten.

Les mer om forestillingene under Dei Nynorske Festspela her

1